Åleine i det grøne

Linda Eide Seperator 19.10.2011 11:27 Del/Tips Skriv ut Abonnér

Du kan seia kva du vil om norske politikarar. Men stola på oss, det gjer dei.

Ja, dei tiltrur oss vanlege dødelege baskande enkeltindivid i tidsklemme og pengeknipe betre dømekraft og større intelligens enn ressurssterke konsern og verdsomspennande føretak.

Victory (stine eide)web

Linda Eide er journalist, kåsør, forfatter og programleder for TV-programmet Norsk attraksjon. Foto: Stine Eide

Korleis skal ein elles tolka det. Det er jo ikkje regjeringa som står og snur på Finduspakka i butikken for å sjekka at fisken som er dratt opp ein stad utanfor norskekysten ikkje har blitt frakta halve planeten rundt med eit CO2-svin av eit  fryseskip, for å bli  filetert og pakka i Kina. Før den pinameg er blitt ekspedert tilbake til oss i Europa! Det glade vanvidd. Har du ei einaste grøn hjernecella stenger du sjølvsagt slik type mat ute frå ditt eige kjøkken på livstid. Difor snur me på pakka i frysedisken for å leita etter teiknet som syner at fisken er ei tullerusk Kinapakka. Ingen snur pakka for oss. Ikkje regjeringa og i alle fall ikkje Findus. Dei tillet seg til og med å ta mindre betalt for den verdsomfrakta fisken. Å snu pakka og legga ho frå oss att, er i våre hender.

Politikarane har overlate den grøne kvardagen til oss. Og igjen takk for tilliten. Det er ein heiltidsjobb, men me prøver så godt me kan.  Det er jo eit uttalt mål å få ned flytrafikken. Og me er på saka. Lovar. Ikkje like lett så klart å fly mindre, når det er billegare å fly til England enn å ta drosje til Flesland. Det er jo ingen som seier nei takk for oss. Ikkje Regjeringa. Og i alle fall ikkje Norwegian eller SAS eller Ryan Air.  Me har definitivt fått ansvaret. Åleine

Åleine står me der framfor dei økologisk dyrka  grønsakene også. Dyrare er dei så klart, men kven har sagt at Grøn kvardag skal vera like billeg som den vanlege kvardagen? Ingen. Det einaste nokon med politisk makt har sagt er at den grøne kvardagen er livsviktig for framtida vår. Dei har aldri sagt at den skal ha dei same fordelane og vera like attraktiv som den ugrøne kvardagen.

Så me dreg ut setlane og tek ansvar. Men regjeringa er ein spøkefugl. Best som det er så set den oss på prøve. Testar oss. Vil me greia å ta personleg ansvar og stå imot freistinga når regjeringa jamvel oppmuntrar oss til å velja feil? Dieselbilen er ein slik test. Med økonomiske virkemiddel har dei oppmuntra oss til å kjøpa dieselbil. Sjølvsagt går me ikkje fem på. Me som bur i Bergen veit jo at dieselutslepp er den viktigaste grunnen til giftlokket dei to siste vintrane.  Klart me ikkje kjøper dieselbil. Takk skal dei ha for testen, folkens.  Men no kan de godt avslutta spøken. For det er faktisk ikkje så utruleg artig å vera journalist i nrk og melda om dieselgiftlokk i Bergen og så måtta dra ut på reportasje i ein diesel-tenestebil.  NRK har jo ikkje forstått at det berre var ein spøkefull test, og har leesa inn dieselbilar an mass.

Me er på saka. Me skal redda planeten. Regjeringa har meir enn nok med å komma seg på månen. Den daglege donten her heima har dei overlate til oss. Og me takkar altså for tilliten, me reknar ikkje med hjelp ein gong. Men ei kjensle av å ikkje bli konstant motarbeidd hadde hjelpt. Om ikkje anna så på humøret.

På førehand takk! 

Kommentaren sto første gang på trykk i Grønn Hverdag Magasin nr. 4 2011.

Tags: Linda Eide


KOMMENTARER

Etiske produkter

På jakt etter miljøvennlige og etiske produkter? Sjekk Grønn Hverdags oversikt over butikker med de gode alternativene.

Hva skjer?

Kompostkurs, bruktmarked, miljøtorg, gå til skolen-konkurranse og underskiftskampanjer. Her får du en oversikt over noen av Grønn Hverdags aktiviteter.